
HIMMELREISANDE
Heten i raketten får Kudryavka til å lengte etter vatn. Slangen som var festa til munnen hennar, har lausna og svever i lufta. Men det speler ikkje lenger noko rolle. Behaldaren er heilt tom no. Urinen har fordampa og ligg som dogg på ruta. Kudryavka har tunga stukken ut av munnen. Nokre hår har klistra seg til den. Ho prøver å sleikje dei i seg. Varmen gjer henne svimmel. Føtene greier ikkje å halde henne oppe. Svarte prikkar dansar framfor auga, slik snøen fell frå himmelen