ETTER PUNKTUM

Ei bygd som ikkje gløymer.

Ei ung jente døyr i ei tragisk bussulykke og fører ei lita vestlandsbygd inn i ei tåke av sorg og fordømming. Femten år seinare vender dottera til bussjåføren attende for å ta over garden og blir overraska av ei bygd som ikkje har gløymt. Romanen handlar om det som skjer etter at punktum er sett. Om ei kollektiv sorg som ikkje vil gro, om retten til å sørgje og om å arve ein annan si skuld.

 

Omslag av Christian Fjeldbu

Frå bokmeldingar:

 

                                         Romsdals Budstikke ,  Øystein Hauge

veLh1ngLv9KoeG5kXAgq6tFThqx1EB5Jgb8CBr7h

FRØPPELDUNK

Eventyrleg forteljing om vennskap, campingplassliv og miljøvern

Kvar sommar reiser Ea og mora til campingplassen Frøppeldunk for å fiske, bade og ikkje minst treffe alle dei andre feriegjestane igjen. Men denne sommaren skjer det noko uventa: fargane forsvinn, ein etter ein!

 

Korleis i all verda kan det ha seg? Dette må Ea og ferievennen Lars finne ut av, og det før absolutt alle fargane er vekk og heile verda blir grå!

 

Ei intens jakt etter løysinga startar og alle dei rare, fine campinggjestane på Frøppeldunk blir involvert i mysteriet.

 

Frøppeldunk er illustrert av Christian Fjeldbu.

 

Boka har blitt til forestillingen "Grassentassar og miljøsvin" i samarbeid med Møremusikarane ved Møre og Romsdal fylkeskommune. 

HIMMELREISANDE

Originalt om oppskytinga av Sputnik 2

Sovjetunionen, 1957. Pavel lever eit trygt liv i ein overklassefamilie i Moskva, heilt til mora ein dag forsvinn sporlaust. Samstundes blir professor Oleg Gazenko forflytta frå universitetet til ein forskingsbase i Sibir. I arbeidet med Sputnik 2-prosjektet får han ansvaret for opptreninga av den første kosmonauten, Laika.

 

Himmelreisande er Berit Rødstøls debut som forfattar.

 

Frå bokmeldingar

"Vellykket debut."

                                                         Terje Stemland,  Aftenposten

"Et ambisiøst og langt på vei vellykket stykke arbeid".

                                                          Camilla Sørbye,  Drammens Tidende

"En engasjerende debut om menneskene, og hunden, bak erobringen av rommet ... Rødstøl lykkes i å skape troverdige karakterer som avspeiler en tilbakelagt tid, men som baler med etiske utfordringer vi som statsborgere ikke blir ferdige med."

                                                         Ane Nydal,  Morgenbladet

"Stilsikkert og stilisert frå romfartens første dagar"

                                 

                                                        Jan Askelund,  Stavanger Aftenblad

Markér som ulest
Antologi med tekstar av studentar på Årsstudium i skapande skriving 07/08: Christian Valeur, Nora Hjelmbrekke, Fredrik Kalstveit, Anna Kleiva, Vilde Nenseth, Berit Rødstøl, Jo Andreas Sannem, Tommy Skoglund, Snorre Slaatten, Maria Willassen og Elisabeth Yndestad.

NORGE RUNDT I 30 ÅR

NRK Aktivum

I forbindelse med programmets 30-års jubileum fikk jeg i oppdrag om å lage boka med samme navn.