HIMMELREISANDE


Heten i raketten får Kudryavka til å lengte etter vatn. Slangen som var festa til munnen hennar, har lausna og svever i lufta. Men det speler ikkje lenger noko rolle. Behaldaren er heilt tom no.

Urinen har fordampa og ligg som dogg på ruta. Kudryavka har tunga stukken ut av munnen. Nokre hår har klistra seg til den. Ho prøver å sleikje dei i seg. Varmen gjer henne svimmel. Føtene greier ikkje å halde henne oppe. Svarte prikkar dansar framfor auga, slik snøen fell frå himmelen. Ser ho ein hund der ute? Ein gjetarhund? Ho myser mot dei doble vindauga. Luftspeglinga dannar fragmenter av henne sjølv i alt det svarte. Oleg sitt andlet blandar seg med pelsen hennar. han smiler. Så forsvinn han. Ho pustar støytvis. Kudryavka skjelv. Ho greier ikkje lenger å fokusere blikket på mørkret som omsluttar henne. Huda prikkar. hovudet brenn. Det brenn i kroppen.

– Muska. Er du her?

Hunden dukkar opp heilt inntil vindauga. Akrapar på raketten for å kome inn. Så blir alt svart.

Fra romanen Himmelreisande, Det norske samlaget 2010

#uri #Himmelreisande #Laika #russland #Sovjetunionen #Kudryavka #Roman #BeritRødstøl

RECENT POSTS:
SEARCH BY TAGS:
No tags yet.